Go To Top

Isdalskvinnen Lyrics

Det spørs ei gåte omkring ei kvinne
som var i Isdalen daud å finne
Der vonde minne er grodde inne

Eit lik av jente, så kvesta, kverka
imellom steinar låg brennemerka
Det var så bannlyst det heile verka

Kven var den døde og røyselagde
som så med spora og opphav tagde
og aldri namnet sitt likeins sagde?

Gud hjelpe sjeler
som herom fer
Kring Svartediket
der dauden er

Var ho ein flyktning frå sjølve livet
som ikkje ville ha noko skrive
Den dag ho måtte til dauden trive?

For lygn og sanning har kvar sin måte
For Isdalkvinna har ingen gråte
For einkvar grundar me på ei gåte

Gud hjelpe sjeler
som herom fer
Kring Svartediket
der dauden er

For lygn og sanning har kvar sin måte
For Isdalkvinna har ingen gråte
Og alle er me vår eiga gåte

Isdalskvinnen Lyrics performed by Gåte are property and copyright of the authors, artists and labels. You should note that Isdalskvinnen Lyrics performed by Gåte is only provided for educational purposes only and if you like the song you should buy the CD


What is the meaning of Isdalskvinnen lyrics?